Evaluering

Evaluering er eit viktig element i korleis ein samhandlar og korleis ein opplever samhandling mellom fagpersonar og tenester. Kommunen skal med jamne mellomrom vurdere sitt arbeid, og Kvinnherad har vald å nytte Compilo som kvalitetssystem der alle gjeldande rutinar skal kunne finnast og der ein skal rapportere avvik.

Handlingsrettleiaren i Betre Tverrfagleg Innsats legg opp til faste evalueringsmøter mellom fagperson-ar og brukar-ar. På denne måten vil ein jamnleg få evaluert arbeidet i kvar enkelt sak.

På individnivå vil kommunikasjonen mellom partane og tilbakemeldingar frå brukar gje eit grunnlag for vurdering av både arbeidet som er utført med kvar enkelt brukar, men også for diskusjon og vurdering kring endring av praksis i tenesta som heilhet.

På individnivå har ein desse fora for evaluering av samhandling og arbeidet i tenestene:

  • Utviklingssamtalar lærar – elev – føresett
  • Elevråd
  • Medarbeidarsamtalar
  • Brukarmøter
  • Arbeidsgruppe Betre Tverrfagleg Innsats og Barn som pårørande
  • Arbeidsgruppe Barnefattigdom
  • Koordinerande eining
  • Kontaktperson for barn som pårørande