Brukarmedverknad

Brukarmedverknad betyr at brukaren vert sett på som ein likeverdig part i samtalar og beslutningar som hangår han/hennar utfordring. Det viktigaste i møtet mellom brukar og hjelpar er god kommunikasjon. Dette fordrar at begge er opne og lydhøyre ovanfor kvarandre.

Når brukaren treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokon punkt som er særs viktige å hugse på for at hjelpar og brukar saman skal komme fram til optimal hjelp og støtte:

  • å bli teken på alvor
  • å verta behandla med respekt
  • å føle tillit og tryggleik
  • å få hjelp når behovet er der

I tillegg har brukarmedverknad eigenverdi i at mennesker som søkjer hjelp, på lik linje med andre, gjerne vil styre over viktige delar av eige liv, motta hjelp på eigne premissar og bli sett og respektert i kraft av sin grunnleggjande verdighet. Om brukaren kan påverke omgjevnadane gjennom eigne val og ressursar, vil det kunne påverke sjølvkjensla på ein positiv måte og dermed kunne styrkje brukaren sin motivasjon.

Dersom ein av partane er usikre på noko, er det betre å spørje enn å anta at den andre har oppfatta eller forstått. Det er betre å stille eit spørsmål for mykje enn eit for lite. Ein skal setje av nok tid til å ta opp det som er viktig for at hjelpa skal bli best mogeleg. Hjelpar har fagkunnskap – brukar kjenner problema på kroppen, og veit mest om sine eigne vanskar.

Nokon gonger må ein tenkje nytt for å får til eit likeverdig samarbeid. Brukarerfaring og fagkunnskap må vera likeverdige grunnpilarar i arbeidet med både den enkelte og med utvikling av kommunen sine tenester.

Kvinnherad kommune har fleire måtar å jobbe med brukarmedverknad på individnivå:

  • Elevsamtalar/utviklingssamtalar
  • Foreldresamtalar i barnehage
  • Handlingsrettleiaren i Betre Tverrfagleg Innsats
  • Stafettloggmøter
  • Ansvarsgruppemøter
  • Brukarmøter
  • Samarbeidsavtalar mellom brukar og eining/teneste

Desse verkemidla skal føra til innspel på kommunen sin praksis og vera med i det vurderingsarbeidet som med jamne mellomrom skal utførast.