Samhandling barn/unge

Samhandling

Kvinnherad kommune, som BTI kommune legg opp til at ein tidleg skal arbeide saman til det beste for barnet.

Føresette skal alltid vera informert om ei evt begynnande uro for barn og unge. Det er tilsette sitt ansvar både å ta initiativ til samhandling, men også å ta i mot initiativ til samhandling frå føresette. Barnet sine signal skal vera grunnlag for samtale med føresette og målretta arbeid, gjerne saman andre tenester dersom/etterkvart som ein ser det som naudsynt.

Dersom samhandlinga av ulike årsakar vert utfordrande er det framleis den tilsette, som den profesjonelle part, som har ansvaret for å leggje til rette for eit godt samarbeid.

 

Barn som pårørande

Stortinget vedtok i 19.juni 2009 endringar i helsepersonellova og lov om spesialistehelsetenesta for å sikre at helsepersonell skal identifisere og ivareta det behovet mindreårige barn som er pårørande til pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengighet eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade, har for informasjon og oppfølging. Føremålet med reglane er å sikre at barna vert fanga opp tidleg, og at det vert sett i gong prosessar som set barn og føresette betre i stand til å meistre situasjonen. Vidare er føremålet å førebyggje problem hos barn og unge. Reglane gjeld både for helsepersonell i spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og private helsetenester. Les meir om barn som pårørande.

I Kvinnherad kommune er det fastlegen som har hovudansvaret for å sjå til at dette skjer. Fastlegen kan, men samtykke frå føresette, vise vidare til helsesøster for meir kartlegging og oppfølging ved behov. Helsesøster vurderar saman med føresette og barnet korleis vegen skal gå vidare.