Rutinar og verktøy

Kvinnherad kommune har ulike rutinar for arbeidet med barn og unge. Desse rutinane skal støtte opp om systematisk og heilhetleg arbeid og leggje til rette for samhandling mellom fagpersonar, føresette og barnet/ungdommen sjølv. Alle gjeldande rutinar skal liggje tilgjengeleg i Compilo.

Betre Tverrfagleg Innsats

Kvinnherad er ein BTI kommune. Det vil seie at tilsette i kommunen skal nytte rutine i form av ein handlingsrettleiar dersom dei i eige arbeid kjem i kontakt med barn, unge eller foreldre som gjev grunn til uro. Les meir om uro for barn og unge. Målet med handlingsrettleiaren er rett hjelp til rett tid, tidleg foreldreinvolvering og at barnet si røyst alltid skal bli høyrt og teke omsyn til. Dette er også med på å sikre ein felles praksis kring arbeidet med risikoutsette barn/unge i Kvinnherad kommune.

Kommunen er også i gang med å utarbeide eigne rutinar for oppfølging av barn som er pårørande til alvorleg sjuke foreldre eller søsken, eller etterlatte etter foreldre eller søsken. Denne vil bli formalisert i løpet av hausten 2018. Les meir om barn som er pårørande.

 

Meldeplikt

Offentlege myndigheter, samt ei rekkje yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, har plikt til å gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for mishandling, andre former for omsorgssvikt eller om eit barn har vist vedvarande åtferdsvanskar. Opplysningsplikta føl av lov om Barnevernstenester § 6-4 og av tilsvarande bestemmelsar i andre lover.

Les meir om når du bør ta kontakt på Barnevernvakten

Opplysningsplikta inneber ei plikt til å melde frå til den kommuale barnevernstenesta av eige tiltak ved alvorleg bekymring og er eit sjølvstendig og personleg ansvar!

Privatpersonar har eit moralsk ansvar for å melde frå, men ikkje eit juridisk ansvar, slik offentleg tilsette har.

 

Konsultasjonsteamet for Kvinnherad 

Nokre gonger kjenner ein seg usikker på om ein skal gjere noko med den uroen ein kjenner på i forhold til barn og unge. Ein kan då ta kontakt med konsultasjonsteamet. Her kan ein få råd og rettleiing til kva ein kan gjere, kva ein kan sjå etter/observera for å verta meir sikker på at magekjensla er riktig. Les meir om konsultasjonsteamet på Kvinnherad kommune sine heimesider.