Medverknad

Kva er medverknad?

Medverknad er eit verkemiddel på ulike nivå. Blant anna kan medverknad bidra til auke treffsikkerhet i forhold til utforming og gjennomføring av både generelle og individuelle tilbod. I plan- og bygningslova vert medverknad forstått som enkeltpersonar og grupper sin rett til å kunne delta i, og påverke offentlege utrednings- og beslutningsprosessar. Det betyr at befolkninga i eit samfunn er med på å planleggje si eiga framtid. Medverknad i planprosessar har mål om å:

  • sikre gode løysingar som tek hensyn til alle sine behov
  • leggje til rette for at alle berørte og interesserte aktørar kan komme til orde
  • fremje kreativitet og engasjement, og vera ein arena for demokratisk deltaking i lokasamfunnet
  • skaffe eit godt grunnlag for avgjerder

Nesten alt av stad- og bustadplanlegging har innverknad på nærmiljø og oppvekstvilkår for barn og unge, på kort eller lang sikt. God planlegging er grunnleggjande for at barn får trygge oppvekstvilkår og god helse. Derfor er det viktig at dei som planlegg og byggjer tek ekstra hensyn til barn og unge og deira behov. Dessutan skal barn og unge takast med i planlegginga.

Brukarmedverknad

Ein brukar er ein person som nyttar seg av relevante tenester i ein eller annan form. Brukarmedverknad handlar om at brukarar skal ha innflytelse på beslutningsprosessar og utforming av tenestetilbodet. Brukarar har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere brukaren. Brukarmedverknad er ein lovfesta rett, og dermed ikkje noko tenesteapparatet kan velge å forhalde seg til eller ikkje. Brukarar har rett til å medverke, og tenesta har plikt til å involvere brukarar i undersøkingar, behandling og val av tenestetilbod.

På kommunenivå har ein brukarmedverkand på følgjande måte i Kvinnherad kommune:

  • Kommunestyret
  • Brukarutval
  • Pårørandeutval
  • Kommunalt Foreldreutval
  • Kartleggingar og brukarundersøkingar som Ungdata, Foreldreundersøkingar og elevundersøkingar
  • Råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne