Kommunale føringar-barn og unge

Planar

Kvinnherad har ulike planverktøy, som byggjer på statlege føringar/nasjonale forventningar, og på kvarandre, for å sikre samhandling og utvikling av gode tenester for barn og unge i vår kommune. Føringar for kva planar ein kommune skal ha er heimla i Plan- og bygningslova.  På kommunen si heimeside kan du lese planane kommunen har på overordna nivå. Du kan også lese om organisasjonen Kvinnherad kommune.

Kvinnherad kommune har følgjande kommunale føringar for det arbeidet dei ulike tenestene i kommunen skal utføre i sitt arbeid mot barn og unge:

Rusplan, Psykiatriplan, Omsorgsplan, Rehabiliteringsplan og bustadsosialhandlingsplan skal alle inn i Kommunedelplan omsorg, helse og sosial som er under arbeid.

Kvar eining har sine planar som skal byggje på føringar frå stat og kommune.

Det vart bestemt i kommunestyret i 2016 at Kvinnherad kommune dei neste åra skal satse på tidleg innsats og at arbeidet med dette skal sikre at tilbodet barn og unge og familar får frå kommunen skal vera heilhetleg, tverrfagleg og, så langt som råd er, vera tilpassa den enkelte brukar og familie. Kvinnherad vart i 2017 ein modellkommune. Dette betyr at kommunen  skal ha særskilt fokus på systemtisk og tverrfagleg samhandling i dei kommunale tenestene retta mot barn og unge. Ordninga er forpliktande og skal vera eit verktøy for å få definert kommunen sine områder for forbetring på området. Tanken er at gjennom tidleg innsats og betre samhandling kan fleire familiar få rett hjelp til rett tid.

Det vart i samanheng med dette avgjort at Kvinnherad kommune skal nytte Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) som metode og verktøy for å bidra til tidleg innsats, samordning av tenester og medverknad både frå barnet og dei føresette. Les meir om samhandlingsmodellen Betre Tverrfagleg Innsats her: Om BTI

BTI modellen skal bidra til eit forutsigbart handlingsforløp og bidra til å rette opp i, og aller helst unngå, svikt i samhandling.

 

Rapportar

Kommunen gjennomfører kvart tredje år Ungdata undersøking. Dette er ei lokal ungdomsundersøking som vert tilbydd gratis til alle kommunar og fylkeskommunar i landet. Sidan 2010 har  439 200 ungdommar frå 405 kommunar og frå Svalbard delteke i denne undersøkelsen. Ungdata gjer dermed eit godt innblikk i kordan det er å vera ung i Norge i dag. Det er Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet- storbyuniversitetet som har ansvar for gjennomføringa av ungdataundersøkinga i samarbeid med dei sju regionale kompetansesentera innan rusfeltet; KoRus Vest Bergen, KoRus Vest Stavanger, KoRus Midt-Norge, KoRus ØSt, KoRus Nord og KoRus Oslo.

KoRus bistår kommunane i sin region med planlegging av undersøkinga, utforming av spørjeskjema og rettleiing om gjennomføringa. KoRus kan også, etter avtale, delta i den lokale drøftinga av resultata frå undersøkinga.

Sjå resultata frå siste Ungdataundersøkinga i Kvinnherad.

Resultata frå ungdataundersøkinga vert på nytta, også på overordna nivå i kommunen, for å sjå på evt utfordringar kommunen har. Desse svara vil td vera ein del av kunnskapsgrunnlaget for folkehelsearbeidet til Kvinnherad kommune.