Avviks- og kvalitetssystem er sikring av praksis.
Kvalitetssystem skal syte for at vedtekne prosedyrar vert følgt, og at pålagte og planlagde oppgåver vert gjennomførte. Systemet skal også nyttast til å oppdage og rapportere avvik. Kvinnherad kommune nyttar Compilo som sitt kvalitetssystem.
Les meir om Compilo.
Tilsyn og forvaltningsrevisjon
Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn og gjennom forvaltningsrevisjon.
Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Kvinnherad kommune er det ofte Fylkesmannen i Hordaland som utfører tilsynet, men det kan også vera Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.
Forvaltningsrevisjon er ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kva kommunestyret har vedteke. I ein forvaltningsrevisjon kan ein til dømes vurdere om ressursbruken samsvarar med politiske vedtak og føresetnader, om ressursbruken er effektiv og om regelverk vert fylgt. Les meir om kontrollutvalet i Kvinnherad kommune.