Tverrfagleg samhandling

Målsetjinga for organisasjonen Kvinnherad kommune er Saman om utvikling og gode tenester. I dette ligg det ei heilt klar forventning om samhandling, noko som økonomiplanen til kommunen (2018 – 2021), vedteken i kommunestyret 31.08.17, stadfestar. Organisasjonsplanen til kommunen, vedteken 15.06.16 seier at samhandling på tvers av organisasjonen vil vera avgjerande for at oppgåver vert løyst effektivt og godt. Det skal vera ein rett og ei plikt alle har til å kunne søkje hjelp, støtte og kompetanse i heile organisasjonen. Alle har dermed også rett og plikt til å gje hjelp, støtte og dela av kunnskapen sin til heile organisasjonen.

Rutinar for samhandling

Kvinnherad kommune har som mål å gje god tverrfagleg og heilhetleg oppfølging gjennom vårt tenesteapparat. Gjennom god samhandling får dei ulike tenestene betre kjenneskap til kvarandre, betre forståing for kvarandre sine oppgåver samt ei betre koordinering av innsatsen.

Kvinnherad kommune sitt tenestetilbod kan du lese meir om på nettsida Barn og unge som treng hjelp?

Kvinnherad kommune har rutine for samhandling som gjeld for alle einingar som arbeidar med barn og unge. Denne inkluderar både samhandling med føresette og med kollegare i andre tenester i kommunen. Les rutinen her: Rettleiar

I denne rettleiaren finn du lenke til samtykkeskjema for samhandling   Kommunen har også ein rettleiar for regelverk rundt samtykke.

Kvinnherad har to digitale samhandlingsplattformar til ulikt bruk. I arbeidet med Betre Tverrfagleg Innsats nyttar ein Stafettloggen.  Ved rett til individuell plan og/eller koordinator nyttar kommunen SamPro som samhandlingsplattform. I begge høver skal føresette alltid har motteke god informasjon om verktøya og om det gjeld personar under 18 år også i dei fleste tilfeller gje samtykke til oppretting av stafettlogg eller individuell plan.

 

Samhandlingsavtalar mellom einingar 

  • Samarbeidsavtale mellom NAV og integrering og opplæring