Utvikling og kompetanseheving

Kvinnherad kommune skal vera ein lærande organisasjon. I dette ligg det at ein stadig er i utvikling og stadig søkjer ny kompetanse og kunnskap.

Skal kommunen vera ein lærande organisasjon må ein:

  • Dokumentera den praksisen ein ynskjer
  • Registrera og evaluera praksisen etter kvart både ved avviksmelding og “suksessmelding”
  • Med jamne mellomrom gå gjennom og sjå på praksis og dokumentasjon
  • Søkje og nytta ny praksis og kunnskap

 

Tilsette og føresette til barn og unge får kompetanse på ulike arena i kommunen.

Føresette

Ulike tenester i kommunen når foreldre og føresette på ulike vis. Dette kan vera via svangerskapskurs, barselgrupper, foreldrerettleiing, foreldremøter og samtalar i regi av barnehage eller skule. Målet her er å støtte foreldre og føresette ved å tilby rettleiing og/eller informasjon for best mogeleg ivaretaking av barn og unge.

Kommunen har ulike tiltak som hjelp og støtte til barn, ungdom eller føresette. Informasjon om desse finn du på nettstaden Barn og unge som treng hjelp?

Tilsette

Tilsette får si kompetanseheving gjennom arbeidsgjevar, i form av kurs, nettverksarbeid, satsingar og vidareutdanningar. Kva kompetanseheving som vert tilbydd skal ha samanheng med kva behov arbeidsgjevar, i dette tilfelle Kvinnherad kommune, har. Dette behovet skal samsvare med det behovet som brukarane i kommunen har.

Kompetanseheving vert td gjort på planleggingsdagar, i personalmøter, i einingsleiarmøter og i bruk av felles planleggingstid i skular og barnehagar.