Brukarmedverknad inneber at brukaren skal sjåast på som ein likeverdig part i samtalar og avgjerder som vedkjem han/hennar utfordring eller ressurs. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon kor alle partar er opne og lydhøyre ovanfor kvarandre.
Når brukaren treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokon punkt som er særs viktige å hugse på for at hjelpar og brukar saman skal komme fram til optimal hjelp og støtte:
- å bli teken på alvor
- å verta behandla med respekt
- å føle tillit og tryggleik
- å få hjelp når behovet er der
Nokon gonger må ein tenkje nytt for å få til eit likeverdig samarbeid. Brukarerfaring og fagkunnskap må vera likeverdige grunnpilarar i arbeidet med både den enkelte og med utvikling av kommunen sine tenester.
På einingsnivå har Kvinnherad kommune brukarmedverknad på følgjande måtar:
- Elevråd
- Foreldrerådsutval
- Samarbeidsutval
- Skulemiljøutval
- Elevundersøking (resultat )
- Foreldreundersøking i barnehage
- Foreldreundersøking i grunnskule
- Ungdata-undersøking